Den arabiske halvøy

En blogg om Den arabiske halvøy med fokus på Saudi-Arabia og Jemen

En blogg om hva som skjer i gulfen, både analyser, nyheter og trivialiteter. Er ment å være et supplement til dem som er interessert i området og som ønsker en litt dypere og bredere dekning enn det norsk media gir. Hovedfokuset er på Saudi-Arabia og Jemen.

Jemen: Den nasjonale dialogen

Ein liten oppfølgjar til det førre innlegget mitt på denne bloggen. Jemen har nettopp starta den såkalla nasjonale dialogen (National Dialogue Conference). Det er enkelt fortalt ein stor konferanse som skal vare i seks månader (minst), og som skal ta opp rundt ti viktige grunnsaker som skal føre Jemen vidare (fredfullt og demokratisk). 565 delegatar deltek. Mange av desse er frå dei gamle maktstrukturane (Saleh sitt parti innehar den største bolken (112 delegatar)), og det er ein av grunnane til kritikken mot denne konferansen. Blant dei viktigaste sakene som skal diskuterast og einast om er Sør-Jemen, Saada (området nord i landet som i stor grad er kontrollert av houthi-rørsla. Houthiane er òg ein del av konferansen med 37 delegatar), ny grunnlov og ny militærstruktur. Her er forresten ein god oppsummering av kva den nasjonale dialogen inneber for Jemen.

Det bryggjer til storm i Jemen. Både den "vesle" regnsesongen og den nasjonale dialogen er over oss.


Det som alle er mest spente på er definitivt Sør-Jemen-spørsmålet. Kan me få eit nytt land etter dei seks månadene? Vil delegatane frå Sør-Jemen krevje ei folkeavstemming? Vil regjeringa i Sana'a godta noko anna enn eitt, samla land? Mange separatistar har allereie trekt seg frå konferansen. Dei trur ikkje at Sør-Jemen vil få gjennomslag for nokre av sine krav. Dei meiner konferansen er dominert av dei gamle maktstrukturane. Likevel, Herak, som er Sør-Jemens største organiserte gruppe (og ivrige separatistar) er representert med 85 delegatar. Dermed har dei den nest største stemma i konferansen. Sjølv skal eg prøve å kome meg til Aden ("hovudstaden" i sør) for å høyre kva folk der meiner om konferansen. Me har definitivt (minst) seks spanande månader føre oss.

Etter ei veke med dialog og møteverksemd ved Mövenpick hotell (hands down, det mest spektakulære og grufullt fancy hotellet eg har sett nokon stad i verda), så er det lite som faktisk har skjedd. Eit par prominente delegatar har forlatt konferansen (blant anna Tawakkol Karman og to andre høgståande politikarar i det største opposisjonspartiet, Islah (Det muslimske brorskapet i Jemen)). Arbeidet er ikkje kome skikkeleg i gang, men dei er i det minste i gang. Konferansen starta den 18. mars, som lova. Det var imponerande nok i seg sjølv.

Fyrst kan det vere nyttig med eit lite samandrag av det som førte fram til 18. mars i år.



Genial oversikt over strukturen til den nasjonale dialogen i Jemen. Enno større PDF-versjon her. Diverre ingenting så flott på engelsk.


Opprøret i 2011 hadde Tunisia som det store førebiletet. Jemen vart derimot den store suksesshistoria. Eller? Her er fleire punkt å peike på.

Éin openberr suksess gjennom opprøret var at det heldt seg fredeleg. Altså, heile konflikten i 2011 var på ingen måte fredeleg. Stammar prøvde å ta til seg makt medan styresmaktene var travle med å slå ned på opprøret. Kampane mellom stammestyrkane til den mektige Sadeq al-Ahmar og deler av det jemenittiske militæret, var svært harde. Kampane øydela eit heilt område i Sana'a, og mange vart drepne. I tillegg kjempa Saleh-lojale hærstyrkar ein annan blodig kamp, mot den mektige generalen Ali Mohsen al-Ahmar (ingen relasjon til Sadeq). Mohsen hoppa av frå regimet midtvegs i revolusjonen, og hevda han gjorde det for å beskytte demonstrantane ved Change Square i Sana'a. Akkurat det gjorde han faktisk. Men fleire vil nok hevde at han posisjonerte seg for etterspelet av revolusjonen. Han er framleis ei viktig brikke i det politiske og militære strategispelet i Jemen. Få dagar før den nasjonale dialogen starta sa han til avisa Asharq Alawsat at han ikkje har tenkt å forsvinne [som maktperson] noko tid snart.

Så joda, valden fann absolutt stad under opprøret, men det var ikkje dei fredelege demonstrantane sitt verktøy. Og dette var jemenittane stolte av. Dei kjempa mot styret til Ali Abdallah Saleh utan å ta til våpen, sjølv om regimet prøvde å lokke dei til det så godt dei kunne. 18. mars var ein merkedag. Då vart 50 uvæpna demonstrantar skotne og drepne av regimet under ein demonstrasjonsmarsj. Heller ikkje dette førte til noko væpna opprør, men oppslutninga til demontrantane vart (minst) dobla. Gjennom heile 2011 sat folk frå alle folkelag og frå alle deler av landet, og protesterte.

For det var nettopp sitjing dei gjorde mest av. Episenteret var Change Square i Sana'a, og her stilte folk opp nærast kvar dag. Fleire tusen. Dei sat og tygde qat, diskuterte, protesterte. Det vart arrangert marsjar med jamne og ujamne mellomrom – mellom anna kvar fredag – men det var i stor grad det konstante nærveret av demonstrantar ved Change Square (og tilsvarande stader i andre byar) som var det mest imponerande. Det var ei felles kjensle av tilhøyrsle, og folk trudde verkeleg på saka.


Revolusjonen held fram, dog i mindre grad. Her frå toårsdagen til opprøret, i utkanten av Sana'a.


Men så stagnerte det. Presidenten overlevde eit attentatforsøk, men måtte til behandling i Saudi-Arabia (hans mektige allierte). Då han reiste frå Jemen feira dei revolusjonære, men det markerte òg ein stagnasjon. Kampane mellom regimet og deira fiendar heldt fram, men lite skjedde. Alle skjønte at det var ingen veg tilbake; endring måtte skje. Og det skjedde, men det skjedde ikkje likevel. Jemen er rart på den måten.

Allereie før drapsforsøket på Ali Abdallah Saleh hadde GCC (Gulf Cooperation Council) kome på banen – med Saudi-Arabia i spissen. Landet som alltid kjem Jemen (les: det jemenittiske regimet) til unnsetning. (Men om ein skal kalle Saudi-Arabia for ein ven eller fiende er litt meir uklart.) Endring måtte skje, men det var Saudi-Arabia som dikterte både korleis, når og kva. Ikkje eit godt utgangspunkt for dei som kjempa for ekte endring. Planen som vart lagt ned for ein fredeleg overgang frå nytt til gamalt styre, tilfredsstilte ikkje dei revolusjonære. Dei hadde inga stemme, og det "revolusjonære" i avtalen vart tillagt opposisjonspartia. Opposisjonsparti som ikkje hadde mykje kredibilitet blant ungdomen ved Change Square. Og utan militær makt bak argumenta dine i Jemen, kjem du diverre ikkje langt.

(Les GCC-planen her (appendix I, side 24).)

Planen vart signert (etter mange utsetjingar av Saleh), Saleh lova å gå av, og Jemen skulle få ein ny president. I tillegg skulle ein omstrukturere hæren, av mange sett på som svært viktig. Dei skulle skape enhet innad i hæren, for å unngå at hærstyrkar vert nytta mot kvarandre i indre maktstridar. Dersom dei klarer det, er tanken, vil stridigheitene verte mykje færre. Førebels har dei ikkje klart det fullt ut, men arbeidet er for så vidt i gang.

GCC-planen var ei stor skuffelse for dei revolusjonære. Det er det inga tvil om. Omverda, derimot, skildra planen som ein suksess, og Jemen har til og med vorte løfta fram som ein mal på fredeleg endring etter den arabiske "våren". Det er iallfall slik FN, Saudi-Arabia og det ny-gamle regimet likar å framstille det. Framleis er det stor opposisjon og skepsis til GCC-planen, men òg til den nasjonale dialogen som nettopp starta. Her er ein veldig utbreidd haldning:




Den nasjonale dialog-konferansen er eit storstilt verktøy. Det skal fullføre GCC-planen, og det skal leggje grunnlaget for president- og parlamentsvalet i 2014. Ganske enkelt: den nasjonale dialogen er Jemens (kanskje siste) sjanse til å overleve som nasjon. Iallfall som nasjon med ambisjonar om framsteg, demokrati og ein (i større grad) sivil stat.

Og akkurat dét er mitt største problem med konferansen. Det finst ingen back-up. Dersom konferansen og "dialogen" stoppar opp, finst det ingen plan for kva som skal gjerast. Utanlandske journalistar møtte for eit par dagar sidan Jamal Ben Omar. Han er FNs spesialutsending til Jemen, og har sidan 2011 vore ein av dei viktigaste personane i denne prosessen. Han nyt stor respekt i Jemen, og er ein slags garantist for heile prosessen. Til diplomat å vere, så er han òg veldig ærleg. Han erkjenner at dialog-prosessen både har dårleg tid, og vil møte på store hinder. Men han lever berre innanfor éin realitet i desse dagar. Han fokuserer litt for einsidig på dei positive sidene ved prosessen. Dog, positive sider som er heilt reelle. Mange vil delta i konferansen, mange ynskjer ein plan for fredfull overgang i Jemen. I tillegg er det òg ein suksesshistorie som ein politisk læringprosess. Politikk er plutseleg vorte allemannseige i Jemen. Det er verkeleg positivt.

Likevel, både Jamal Ben Omar og dei 565 delegatane bør belage seg på nedturar òg. Men eg skjønar godt at dei ikkje pratar høgt om det.

(Ein apropos-oppdatering om nedturar: i går kom meldinga om at minst éin houthi-delegat vart forsøkt drepen i Sana'a. Åtaket skal ha vore retta mot denne houthi-representanten. Tre av hans livvaktar vart drepne. Saada- og houthi-spørsmålet er blant dei mest betente i denne prosessen. Litt usikkert kva motivet var, men det kan ha vore snakk om eit hemndrap som ikkje nødvendigvis var knytt til nasjonal dialog-prosessen.)

Det største problemet med 18. mars og månadene etter, er at ein ikkje veit kva svingar eller hinder som kjem. Absolutt alle partar, dei direkte involverte og me som fylgjer med frå sidelinja, er spente på kva som kjem. Det var ei kjensle av at "no må berre 18. mars kome, og så tek me det derfrå". No har det gått ei veke, men det er vanskeleg å spå korleis dei neste månadene utviklar seg. Dei kjem heller ikkje til å sitje på Mövenpick heile tida (heldigvis), og alle 565 delegatar kjem ikkje til å vere samla heile tida. Det skal delast inn i komitéar som skal ta for seg dei ti grunnsakene. Dermed er det knytt spaning til kven som til dømes får delta i Sør-Jemen-komitéen, og korleis arbeidet med den nye grunnlova skrid fram. Korleis samtalane og debattane vil sjå ut, og kva retning dei vil ta, veit me ikkje. Det er mildt sagt spent i Sana'a no.


Dette biletet har ingenting med teksten for øvrig å gjere, men det er gøy lell. Ringvegen rundt gamlebyen i Sana'a vert til ei elv under dei to regnsesongane. Eit ganske spektakulært syn når ein veit kor djup elva vert.


Til slutt ein tanke til dei mest kritiske stemmene. Som framleis er dei unge, dei revolusjonære. Dei som stod på barrikadane i 2011. Somme boikottar dialogen, andre deltek. Men dei er uerfarne, og dei har berre fått 40 delegatar. Dermed kan det vise seg vanskeleg for dei å verte høyrde. Og dermed kan det vise seg vanskeleg å kome fram til ekte endring i Jemen.